Hovedside

Main Menu
Hovedside
Klubbinfo
BSI Herre
BSI Damer
BSI 2 (Mix)
Spillerprofiler
Treningstider
Telefonliste
Bilder
Linker
Søk
Månedens spillerportrett
Kampreferater
Nyhetsarkivet
Gjestebok
Under overflaten
User Menu
Administrator
Login Form





Enter what you see:
This image contains a scrambled text, it is using a combination of colors, font size, background, angle in order to disallow computer to automate reading. You will have to reproduce it to post on my homepage tips: hit Reload page before writing a text if you have difficulty reading characters in image
Password Reminder
No account yet? Create one
Sponsorer
:: BSI - NHHi: 5 - 6
BSI - NHHi: 5 - 6 Print
Written by Andy   
Wednesday, 10 February 2010

Søndag 7. februar møtte BSI pappaguttelaget til NHH. Det skulle vise 
seg å bli ein jevn kamp, sjølv om BSI hadde store problemer med å få 
uttelling i angrep.


Første periode var vanskeleg for BSI. Til tross for tapper jobbing i 
forsvar vart det tre baklengsmål. Ikkje eit stort tal for oss 
vanlegvis, men likevel problematisk då angrepsrekkene ikkje opna 
målprotokollen før i 2. omgang.

2. omgang starta som 1. omgang endte, nemleg med at 
markedsliberalistane fekk uttelling, i motsetning til oss. Etter 5 
minutt av omgangen leda NHH 0-5, og det byrja å sjå mørkt ut for 
heimelaget. BSI-lagånda viste seg derimot nok ein gong å vere sterk, 
og som mot Haukeland greidde vi å hente oss inn. 6 minutt ut i 2. 
omgang opna Andy målkalaset med eit lureskudd frå spiss vinkel, fulgt 
kort tid etter av eit flott mål av ein hardtarbeidande Tore Torell. 
Nokre minutt etter set Lars Larsen Larsenius inn vårt tredje for dagen 
med det som må ha vert eit flott langskudd. Torell puttar inn nok ein 
ball berre eit halvt minutt etter Larsen, og plutseleg står det 4-5 
ved slutten av 2. omgang.

BSI fortsatte å krige i siste omgang, men det tok heile 10 minutt før 
vi greidde å utlikne til 5-5 ved Håkon "Møllers" Tranøy. Gleden var 
dessverre kortvarig, då NHH satte ballen bak ein solid Markus "Tigeren 
fra dyreparken i Kristiansand" Tveito berre to minutt etter. Vi 
fortsatte å jage etter seier, men dårleg uttelling i slutten av kampen 
gjorde at vi ikkje greidde å ro oss inn til uavgjort ein gong. 
Kapitalismen vinn kampen 5-6. Ingen dårleg kamp av BSI, med solid 
jobbing utan målteft.

Comments

Only registered users can write comments.
Please login or register.

Powered by AkoComment 2.0.3! and SecurityImage 3.0.5


Mambo is Free Software released under the GNU/GPL License.