Hovedside arrow Kampreferater arrow Herrekamper 0910 arrow BSI - Fjell 2 6-3

Main Menu
Hovedside
Klubbinfo
BSI Herre
BSI Damer
BSI 2 (Mix)
Spillerprofiler
Treningstider
Telefonliste
Bilder
Linker
Søk
Månedens spillerportrett
Kampreferater
Nyhetsarkivet
Gjestebok
Under overflaten
User Menu
Administrator
Sponsorer
BSI - Fjell 2 6-3 PDF Print E-mail
Contributed by Andreas Boer Johannessen   
Tuesday, 06 October 2009

Lørdag 26. september herrens år 2009, møttes BSI og Fjell2 (eller skal
vi seie 1?) på Studentsenteret. Gulvet var usedvanlig reint då Erlend
hadde tørka over heile parketten med drakta si kampen før. Med andre
ord låg forholda til rette for ein bra kamp!

 
1. periode er ikkje så mykje å seie om. Dette mest fordi underteikna
ikkje var til stades. Kampskjemaet kan avsløre at Fjell åpna
scoringsprotokollen etter 3 minutt, etterfulgt av eit blinkskudd? frå
vår kjære kaptein Per Kverneland 6 sekunder etter. Omgangens siste mål
gjekk til Fjell. Laget kunne fortelle underteikna, som kom rett ifrå
jobb, at Fjell hadde putta flaksemål, og at BSI sleit med å få
uttelling på sjansane. "No skal det bli andre bollar", sa underteikna
då.

Underteikna er ein mann av sitt ord, og tok affære etter nøyaktig 5
minutt av 2. omgang. Han satte ballen fint i Fjell sitt bur, glimrande
assistert av Capt'n Kverneland. Underteikna kan òg servere, og
Christoffer "The Man" Matre har ingen problem med å sette ballen bak
ein forvirra Fjell-keeper. Etter 15 minutt i andre omgang finter
underteikna ut to Fjell-forsvararar (ararararrrrrar) og setter ballen
i krysset. "Det er greit så lenge den går inn", seier Bjørn-Erik
"Klippen" Hansen, som viser seg fram for fyrste gong i år. BSI er inne
i ein liten flyt, og ikkje lenge etter setter Håkon "Sarsegutten"
Tranøy inn ein ferdigscora pasning frå Erlend "Toothless" Hopland.
Like etter får Erlend endeleg hål på byllen (eller skal vi seie
tenna?), og setter sjølvassistert ballen i Fjell-målet. Ein fin omgang
av BSI der vi spelar svært bra forsvar, og dermed gjer Fjell ufarlege
i angrep.

3. omgang vart BSI sletne og det vart litt ukonsentrert spel.
Forsvaret gjorde det fortsatt bra, og Fjell fekk ikkje mange sjansar,
sjølv om dei trykka på meir denne siste omgangen. Dei fekk likevel
fyrt av nokre skudd, men Kristine "The Tiger" Rørvik tok dei imot med
gland. BSI hadde ein del sjansar, men det sletne heimelaget greidde
ikkje å ballen i mål. Fjell får eit trøstemål på slutten av kampen, og
kampen ender 6-3 til BSI.

Heilt grei kamp, der BSI's 7 mann og 1 og 1/2 kvinner (Annika spelte
berre 1. omgang) greier å holde Fjell's dobbelt så store spillerstall
på god avstand.

Poengfordeling:

Andy: 2+1
Erlend: 1+1
Per: 1+1
Håkon: 1+0
Christoffer: 1+0

Comments

Only registered users can write comments.
Please login or register.

Powered by AkoComment 2.0.3! and SecurityImage 3.0.5

< Previous   Next >

Mambo is Free Software released under the GNU/GPL License.