|
Contributed by Andreas Boer Johannessen
|
|
Tuesday, 06 October 2009 |
|
Lørdag 26. september herrens år 2009, møttes BSI og Fjell2 (eller skal vi seie 1?) på Studentsenteret. Gulvet var usedvanlig reint då Erlend hadde tørka over heile parketten med drakta si kampen før. Med andre ord låg forholda til rette for ein bra kamp!
1. periode er ikkje så mykje å seie om. Dette mest fordi underteikna ikkje var til stades. Kampskjemaet kan avsløre at Fjell åpna scoringsprotokollen etter 3 minutt, etterfulgt av eit blinkskudd? frå vår kjære kaptein Per Kverneland 6 sekunder etter. Omgangens siste mål gjekk til Fjell. Laget kunne fortelle underteikna, som kom rett ifrå jobb, at Fjell hadde putta flaksemål, og at BSI sleit med å få uttelling på sjansane. "No skal det bli andre bollar", sa underteikna då.
Underteikna er ein mann av sitt ord, og tok affære etter nøyaktig 5 minutt av 2. omgang. Han satte ballen fint i Fjell sitt bur, glimrande assistert av Capt'n Kverneland. Underteikna kan òg servere, og Christoffer "The Man" Matre har ingen problem med å sette ballen bak ein forvirra Fjell-keeper. Etter 15 minutt i andre omgang finter underteikna ut to Fjell-forsvararar (ararararrrrrar) og setter ballen i krysset. "Det er greit så lenge den går inn", seier Bjørn-Erik "Klippen" Hansen, som viser seg fram for fyrste gong i år. BSI er inne i ein liten flyt, og ikkje lenge etter setter Håkon "Sarsegutten" Tranøy inn ein ferdigscora pasning frå Erlend "Toothless" Hopland. Like etter får Erlend endeleg hål på byllen (eller skal vi seie tenna?), og setter sjølvassistert ballen i Fjell-målet. Ein fin omgang av BSI der vi spelar svært bra forsvar, og dermed gjer Fjell ufarlege i angrep.
3. omgang vart BSI sletne og det vart litt ukonsentrert spel. Forsvaret gjorde det fortsatt bra, og Fjell fekk ikkje mange sjansar, sjølv om dei trykka på meir denne siste omgangen. Dei fekk likevel fyrt av nokre skudd, men Kristine "The Tiger" Rørvik tok dei imot med gland. BSI hadde ein del sjansar, men det sletne heimelaget greidde ikkje å ballen i mål. Fjell får eit trøstemål på slutten av kampen, og kampen ender 6-3 til BSI.
Heilt grei kamp, der BSI's 7 mann og 1 og 1/2 kvinner (Annika spelte berre 1. omgang) greier å holde Fjell's dobbelt så store spillerstall på god avstand.
Poengfordeling:
Andy: 2+1 Erlend: 1+1 Per: 1+1 Håkon: 1+0 Christoffer: 1+0
Only registered users can write comments. Please login or register. Powered by AkoComment 2.0.3! and SecurityImage 3.0.5 |